EG HATAR KJEMI. Så er det sagt.
Må ta det i år siden eg valgte eit anna valgfag i fjor, men når eg skal gå 3 år er det obligatorisk med kjemi, så no må eg ta det i tillegg til 2.års-fagene. Det kolliderar sjølvsagt på timeplanen, så då må eg lese på eigenhand. Det funkar ikkje! ARRRGH..
Elles var skulestarten grei. Følte meg litt som elev på barneskulen att, skikkeleg spent før første skuledagen etter jul og sånn.. :P I tillegg havna eg på første rad siden ho eg sit med likar å sitje langt framme... :O Eg satt heilt bak dei tre første semestra, og føler no at eg sit til utstilling.. :O I tillegg er eg redd for det eg veit hender før eller sidan; eg sovner i timen..... :/
Fagene verkar grei. Utanom kjemidritet skal eg ha svineproduksjon og driftsøkonomi, husdyrbygg, sports- og familiedyr.
No bur eg med Torgeir, som tidligare budde på andre siden av gongen. Det går veldig greit :) Vi lagar oftast felles middag, noko vi gjorde før han flytta over her òg.
Eg skal ned 5 kg "så fort som mogleg", og driv derfor med litt Grete Roede, og trening :) Håpar det skal gå greit. Foreløpig sliter eg mest med at eg et altfor lite.. Har eit kaloriunderskot som sannsynlegvis er ugunstig..
Ventar og ventar i spenning på operasjon av kneet. MR viste at det var korsbånd- og meniskskade, så reknar med det vert omlag same operasjon som førre gong. Skal operere på privat klinikk i Trondheim som har veldig kort ventetid, og kostar det same ettersom dei har avtale med sjukehusa :) Einaste eg gruar meg skikkelig til er at eg denne gong skal ta narkose........................... :(
Byrja å skrive innlegget tidlegare i veka.. No har eg eit betre forhold til kjemi allereie :P Viser seg at det hjelper å verkeleg setje seg ned og LESE ;) Hihi.
søndag 13. januar 2013
mandag 7. januar 2013
NYTTÅR!
Nyttårsmål og ønsker for 2013
1. Spille fotball igjen.
2. Gå fra Stjørdal til Sverige, 1 vekes tur.
3. Bestå alle eksamenar.
4. Få deltidsjobb.
5. Planlegge Bergen-Steinkjer tur som eg vil gjennomføre i 2013 eller 2014.
6. Ned nokre kg nok ein gong :P
7. Sende kort (eg VIL bli flink til å sende bursdagskort, feriekort og julekort..)
8. Meir søvn.
9. Mindre festing (eller eigentleg berre mindre drikking :P )
10. Blogge meir :P
Godt nyttår! I morgon byrjar skulen, og eg er klar for å starte opp hjernen etter juleferie heime :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)