Skulenerd
Skulen er ordentleg i gang, og godt er det! Samstundes kjenner eg at eg nesten vert litt stressa når eg ser i kalendaren kor fort eksamen kjem. Må bruke tida godt, men det positive er at det er mindre å tenkje på rett før jul! Tidlege eksamen = koselegare desember!
Eg startar med å ta opp att ein eksamen som eg strauk på førre semester. Min første og einaste stryk, bank i bordet, som eg veit eg klarar denne gongen når eg har tid til å lese.
Eg har blitt tillitsvald i klassen, noko eg er veldig nøgd med! Blir spanande å vere med på møter og kunne ha ein finger med i spelet på det som foregår på skulen. Dessutan likar eg å vere litt engasjert i klassemiljøet og ein plan om å gjere klassen endå meir sosial.
For mykje teori - for lite dyr!
Etter å ha vore på driftsbesøk på ein gård og deretter på eit anna fjøsbesøk gjekk det opp for meg kor mykje eg saknar praksisen frå Stend og jobben på smådyravdelinga. Eg vil svært gjerne tilbake i eit fjøs i framtida, og det er uaktuelt for meg med ein kontorjobb for å seie det sånn. Eg vil jobbe med dyr kvar dag! Finn ein gard til meg! Samstundes veit eg at eg gjer det rette ved å studere i desse tre åra, for eg har tru på at all denne teorien forelesarane prøvar å spikre inn i hovudet mitt vil gi meg den tyngda eg treng for å kunne gjere ein bra jobb med dyr!
Shopping
Etter å fortvila ha leita gjennom skapet mitt dag etter dag utan å finne noko eg eigentleg vil ha på meg, var eg crazy og gjekk på shopping i går for å bruke opp litt stipend. Veldig nøgd med det eg kom heim med! No har eg til og med ei jakke som kan brukast vår og haust, det er nokre år sidan eg hadde!
Dette kjøpte eg(i tillegg til ein genser som h&m ikkje har bilete av):