søndag 15. september 2013

Sånn går no dagan

Skulenerd
Skulen er ordentleg i gang, og godt er det! Samstundes kjenner eg at eg nesten vert litt stressa når eg ser i kalendaren kor fort eksamen kjem. Må bruke tida godt, men det positive er at det er mindre å tenkje på rett før jul! Tidlege eksamen = koselegare desember!
Eg startar med å ta opp att ein eksamen som eg strauk på førre semester. Min første og einaste stryk, bank i bordet, som eg veit eg klarar denne gongen når eg har tid til å lese.
Eg har blitt tillitsvald i klassen, noko eg er veldig nøgd med! Blir spanande å vere med på møter og kunne ha ein finger med i spelet på det som foregår på skulen. Dessutan likar eg å vere litt engasjert i klassemiljøet og ein plan om å gjere klassen endå meir sosial.

For mykje teori - for lite dyr!
Etter å ha vore på driftsbesøk på ein gård og deretter på eit anna fjøsbesøk gjekk det opp for meg kor mykje eg saknar praksisen frå Stend og jobben på smådyravdelinga. Eg vil svært gjerne tilbake i eit fjøs i framtida, og det er uaktuelt for meg med ein kontorjobb for å seie det sånn. Eg vil jobbe med dyr kvar dag! Finn ein gard til meg! Samstundes veit eg at eg gjer det rette ved å studere i desse tre åra, for eg har tru på at all denne teorien forelesarane prøvar å spikre inn i hovudet mitt vil gi meg den tyngda eg treng for å kunne gjere ein bra jobb med dyr!

Shopping
Etter å fortvila ha leita gjennom skapet mitt dag etter dag utan å finne noko eg eigentleg vil ha på meg, var eg crazy og gjekk på shopping i går for å bruke opp litt stipend. Veldig nøgd med det eg kom heim med! No har eg til og med ei jakke som kan brukast vår og haust, det er nokre år sidan eg hadde!
Dette kjøpte eg(i tillegg til ein genser som h&m ikkje har bilete av):




lørdag 31. august 2013

Fadderveke

Då var eg straks igong med tredje og siste året mitt på HiNT, og eg er sjølvsagt fadder!

Dag 1
Stod opp 7 for å gå til fysio før skulen starta. Allereie sliten då eg møtte opp kl 10. Veldig mykje av tida gjekk ut på å sitje i ro og vente på at programmet for førsteklassingane var over så vi kunne vise at vi fantes... Så var det omvisning, eg var saman med to jenter i klassen (Jenni og Randi) og skulle vise åtte elevar rundt. Seks av dei møtte opp, og ingen av dei kunne snakke trur eg. Slitsamt å måtte dra svar ut, men er vel sånn å vere førsteklassing og ikkje kjenne nokon.
Om ettermiddagen var det satt opp buss ut i Paradisbukta kor vi grilla i regnet og folk drakk seg udugeleg. Eg var edru ettersom eg skulle stå vakt på Huze etterpå.
Kl 21 starta bli-kjent-festen på Huze og vi var 15 vaktar som passa på at det gjekk greitt for seg. Gjekk ganske greitt, sjølv om eg kjente at dagen vart veldig lang og folk litt for fulle når eg vart trøttare. Brannalarmen gjekk rundt midnatt og vi måtte evakuere, men det var falsk alarm så det ordna seg fort.
I seng i firetida!

Dag 2
Sliten fadder
Sov utpå og var sliten, er alltid det etter å ha stått vakt. Så starta vi å drikke, og reiste til Guldbergaunet studentboligar for å vorse. Der satt vi ein gjeng på golvet ein stund, før vi gjekk til Bodegan. Var innom Mætt og Go og såg på at to stk åt kebab medan eg diskuterte politikk... Fekk melding av Karianne i klassen som gjorde meg merksemd på at det var onsdag, og at vi skulle ha forelesning dagen etterpå.... Eg trudde det var tysdag. Var på Bodegan ein stund før vi reiste heim med taxi.

Dag 3
Opp tidleg og møtte Karianne på skulen for frukost. Så hadde vi første forelesning i Storfe og driftsøkonomi. Ettersom det var dagen derpå måtte eg hive i meg litago og burn, og var noko redusert. Men det er herleg å starte opp att! Gler meg faktisk til dette semesteret, faget verkar kjempekjekt!
Gjekk heim og starta å drikke, før vi møtte opp på Bodegan i 17 tida for rebusløp! Eg, Ingeborg og to andre husdyrfaddarar tok med oss ei gruppe på 12 førsteklassingar og gjekk rundt på postar. Mykje artig her, kan nemne kleslenkje(som eg ikkje lot meg rive med på heldigvis), tautrekking, teikning, drinklaging, potetløp i blinde osv. Var kjekt, mi gruppe kom på andre plass. Torgeir kom på besøk, så han var med oss på Bodegan etterpå. Der fekk eg ein drink og eit glas Martini Asti. Eg har kan hende ikkje sagt det før, men eg kan ikkje drikke cider(kan drikke 1-2 viss eg drikk veldig sakte) fordi eg får usaklege smertar i ryggen av det....... Ikkje spør. Men denne kvelden gjorde astien det same, så eg og Torgeir gjekk heim tidleg.

Dag 4
Reiste til Høgskoleparken i 1130 tida for grilling arrangert av dei tilsette. Veldig kjekt! Så reiste vi på butikken og handla grillmat før vi returnerte til Figga for drikking og grilling i sola som endeleg er komen! Om kvelden var det vors i Figga sitt fellesareale. Det var ikkje særleg artig, men eg prøvde meg på beer pong og drikkeleikar med nokre russarar. Så gjekk vi på Bodegan. Her vart eg faktisk nekta inngong etter ei stund - uviss årsak. Så reiste heim med gjengen og hadde nach hos Ørjan.

Dag 5
Vakna opp med kul i panna og trudde det var sundag. Det var det ikkje! Så vi satt ute i sola litt før vi starta på flaska og gjekk ned til sentrum for å vere med på bar til bar runde. Det kostar pengar - huff. Har ikkje sjekka konto endå, trur eg ventar litt.... Endte opp på Bodegan, men stakk tidleg heim.

Bar til bar - her på Madam Brix
Dag 6
Edrudag! Eg, Ingeborg og to førsteklassingar gjekk på Oftenåsen. På veg ned att plukka vi masse blåbær. Skulle på spelkveld, men orka ikkje, så eg laga salat(!) til middag og tilbragte resten av dagen framfor tv-en.

Dag 7
Endå ein edrudag! Kroppen takkar og bukkar, og prøver å kome til seg sjølve att. Hadde endå ein førelesning i Storfeproduksjon, etterfulgt av to fritimar som vart brukt til å sulle rundt på amfisenteret ettersom vi ikkje hadde fått med oss at undervisninga var utsett. Deretter to timar med bachelorundervisning. Kjenner eg vert gira på å finne ein god problemstilling og starte! Etter skulen grilla eg ute på verandaen med Ingeborg, Frode, Ørjan og Petter. Skikkeleg koseleg! Så tok eg jammen ein joggetur etter gammalt og det gjorde godt for kropp og sjel. Om kvelden baka eg og Ingeborg pizza til dag 8 som er Gaid, og laga geleshots.

Dag 8
Partybussen
Ein tur på skulen for å ha Husdyrbygg2, kor vi skal teikne eit fjøs vi allereie har designa, i eit arkitektprogram. Blir spanande! Har litt problem med sjølve programmet, men trur det skal gå greitt med litt trening. Vi avslutta kl 13 fordi dette var dagen for Gaid!
Gaid er ein samling av alle studentane i Nord Trøndelag, som har høgskuler i Namsos, Steinkjer, Levanger og Stjørdal. Her møtast alle for å drikke og kose seg, og det er stands rundt omkring med konkurransar og moro.
To glade jenter på bussen til Gaid
Eg og Ingeborg satt oss ut i høgskuleparken og spretta ein pils medan vi åt pizza vi laga dagen før. Lone joina etterkvart og vi satt og koste oss i sola til vi var ustø og bussen kom kl 15. Tre kvarter og litt vodka etter var vi framme. Eg og Ingeborg satt litt utanfor parken(i eit blomsterbed) med nokre andre kjekke jenter og prata medan vi drakk oss endå litt meir brukeleg.
Happyface med ny t-skjorte
Inne på Gaid var eg med på trillebårløp med Lone - noko som endte med mykje latter, fall og grønske på buksen. Feila totalt på rockering og vann ein twist, tippa kor mange kondomar som var i eit glas, skaut sinte fuglar på ein gris, prøvde pilkast og vann ei t-skjorte. Skikkeleg artig. Så er det litt uklart, og eg vart ganske trøytt. Reiste derfor litt tidlegare heim. Heime åt vi litt pizza før eg fann senga. Litt etter fekk eg Lene på besøk, ho skal bu her i halvanna veke fordi ho tek eit samlingsbasert fag på skulen. Blir kjekt.
Gaid!






Det var fadderveka! Glad den er over, no skal kroppen få trening, normal mat og veldig mykje mindre alkohol framover.
Åtte dagar med fyll oppsummert i eitt bilete....

onsdag 14. august 2013

Eg er tilbake!

Sidan sist
Ja så var det gått litt lang tid utan blogging ja.. Men eg vurderar å skjerpe meg, så prøvar meg med eit innlegg!

Starta å skrive eit innlegg i påskeferien, men publiserte det aldri. Eg hadde som eg skreiv i førre innlegg litt nedturar, og etter påsken satte dei fart og fekk meg heilt ned på botnen. Heile påskeferien var eg sjuk, og gjekk glipp av det eg hadde gleda meg til.. Eg skulle feire bestemor sin bursdag for første gong på lenge(eg har alltid vore vekke, anten i NZ eller Steinkjer), og eg skulle besøke vennar og sjå Aina sin lille baby som var fødd i mars. Eg var elendig utan å vite korfor, så vart berre til at eg satt heime og svetta og skalv med smerter i siden. Etter nokre dagar reiste eg på legevakten og fekk vite at eg hadde nyrebekkenbetennelse, noko som visstnok ikkje er uvanleg etter ein operasjon.

Etter påsken var alt nedoverbakke, og det toppa seg når eg kom heim og ikkje hadde jobb. Ville bruke sommarferien på ein lang fjelltur(type ein månad), men fysioterapeuten sa eg ikkje kunne bere tung sekk. Trengte noko anna å tenke på enn at eg ikkje var på topp, og det var svært vanskeleg. Derfor reiste eg tidlegare opp til Steinkjer enn eg trong, og her har eg vore i litt over ei veke no.

På ein måte ser eg ikkje for meg nokon opptur i næraste framtid, men samstundes veit eg at det sannsynlegvis berre kan gå opp herfra. Så eg har bestemt meg for å prøve å vere postiv og sjå på dette som ein ny start!

Pudi
Søteste beste pusen min Pudi.. Då eg kom heim i juni viste det seg at ho var sjuk. Det var forferdeleg å sjå korleis ho hadde det, det var tydeleg at noko ikkje stemte. Ho var forvirra, redd for usaklege ting og veldig kjælen. Eg tok ho til dyrlegen som fann bilyd på hjartet og noko gale med nyrene. Det verste var at pupillane var ujamn storleik, noko som viste at noko i sentralnervesystemet ikkje var som det skulle. Pudi var 15 år, og det var mitt val, i samråd med veterinæren, å la ho sleppe. Så ho vart dessverre avliva.
Only know you love her when you let her go

Motivasjonsklær
Eg fekk ei kjole til bursdagen som var ein storleik for liten, men eg har som plan å passe inn i den snart! Kjøpte òg ein ny bukse som eg bruker som motivasjon.
Kneet har det bra, og eg trenar mykje. Går framleis til fysioterapeut som eg føler er ein opptur i seg sjølv, for då har eg noko å trene etter. Dessutan har eg allerie gått ned i vekt :)

Skule
Neste veke startar fadderveka kor eg har ansvar for ei gruppe førsteklassingar, og så startar skulen for fullt året etter. Håpar det skal setje fart på oppturen, og at meir å tenkje på vil få meg i betre humør.
Dette året skal eg skrive bacheloroppgåve, hovudsakleg etter jul. Eg vil skrive om velferd hos slaktekylling - eit tema eg brenn for. Snart eit år sidan eg slutta å ete kylling no, på tide å få opplyst folk om korleis kyllingen har det.

That's it for now folks ;) Dei av dykk som har blogg, ta dette som eit spark bak til å kome tilbake på banen sjølv! :)

Gammalt bilete, men poenget er at smykket passar bra i dette innlegget. New beginnings.

fredag 8. mars 2013

Opp- og nedturer..

Var ikkje så flink å blogge likvel.. Men flinkare enn dokkar, Beth og Silje, så det så!

Operasjon
Har fått operasjonsdato no! Endelig! Tysdag 12.mars skal eg til Aleris klinikken i Trondheim og operere. Skal i narkose, noe eg ikkje ser fram til, og ut igjen samme dag. Men gleder meg skikkelig altså! Endeliiiig skal det bli framgang! Dessuten tror eg ting er blitt myyye bedre siden sist eg opererte, stod blant anna at det trolig bare er nødvendig med èn uke på krykker inne(litt lenger ute då :P ), og at eg med bra framgang faktisk kan begynne å trene idrett igjen etter 12 uker! Kanskje det blir litt fotball i sommer ;)

Nedfor
Har vært nedfor i det siste, og vet ikkje helt korfor.. Hater det. På toppen blei det slutt med kjæresten.. Så ting er ikkje topp for å si det sånn.. Regner med å overleve, men synes synd i de som må omgås meg akkurat no med humørsvingninger verre enn ei gravid manisk depressiv i overgangsalderen.

Skule
Hadde kjemiprøve førre veka, eller deleksamen som det heter. Får bare godkjent/ikkje godkjent, men må være bestått for å kunne ta eksamen. Eg tror faktisk det gikk bra, og viss ikkje går det bra når eg får ta an opp igjen. Var to ting eg ikkje hadde lært meg, fordet eg prioriterte å spikre inn det som var litt lettare.. Så oppgavene om det eg ikkje kunne gikk jo ikkje bra, men de andre naila eg nok, så håper å få over 40% riktig og bestå ;)
Denne veka hadde eg min første eksamen, i sports- og familiedyr. Det er eneste eksamen som er no heldigvis, de andre er i mai. Vet eg består, men eg sikta mot A eller B i akkurat det faget, så spørs om eg blir nøgd. Eg veit eg ikkje får A, får det siste spørsmålet ødela.. Så spørs det om eg får B, for eg tror alle gjorde det ganske bra og at det blir vanskelig å skille seg ut.. Menmen, alt over D er godkjent går eg utifra :P

søndag 13. januar 2013

Superflinkåblogge!

EG HATAR KJEMI. Så er det sagt.

Må ta det i år siden eg valgte eit anna valgfag i fjor, men når eg skal gå 3 år er det obligatorisk med kjemi, så no må eg ta det i tillegg til 2.års-fagene. Det kolliderar sjølvsagt på timeplanen, så då må eg lese på eigenhand. Det funkar ikkje! ARRRGH..


Elles var skulestarten grei. Følte meg litt som elev på barneskulen att, skikkeleg spent før første skuledagen etter jul og sånn.. :P I tillegg havna eg på første rad siden ho eg sit med likar å sitje langt framme... :O Eg satt heilt bak dei tre første semestra, og føler no at eg sit til utstilling.. :O I tillegg er eg redd for det eg veit hender før eller sidan; eg sovner i timen..... :/

Fagene verkar grei. Utanom kjemidritet skal eg ha svineproduksjon og driftsøkonomi, husdyrbygg, sports- og familiedyr.

No bur eg med Torgeir, som tidligare budde på andre siden av gongen. Det går veldig greit :) Vi lagar oftast felles middag, noko vi gjorde før han flytta over her òg.

Eg skal ned 5 kg "så fort som mogleg", og driv derfor med litt Grete Roede, og trening :) Håpar det skal gå greit. Foreløpig sliter eg mest med at eg et altfor lite.. Har eit kaloriunderskot som sannsynlegvis er ugunstig..

Ventar og ventar i spenning på operasjon av kneet. MR viste at det var korsbånd- og meniskskade, så reknar med det vert omlag same operasjon som førre gong. Skal operere på privat klinikk i Trondheim som har veldig kort ventetid, og kostar det same ettersom dei har avtale med sjukehusa :) Einaste eg gruar meg skikkelig til er at eg denne gong skal ta narkose........................... :(

Byrja å skrive innlegget tidlegare i veka.. No har eg eit betre forhold til kjemi allereie :P Viser seg at det hjelper å verkeleg setje seg ned og LESE ;) Hihi.

mandag 7. januar 2013

NYTTÅR!



Nyttårsmål og ønsker for 2013
1. Spille fotball igjen.
2. Gå fra Stjørdal til Sverige, 1 vekes tur.
3. Bestå alle eksamenar.
4. Få deltidsjobb.
5. Planlegge Bergen-Steinkjer tur som eg vil gjennomføre i 2013 eller 2014.
6. Ned nokre kg nok ein gong :P
7. Sende kort (eg VIL bli flink til å sende bursdagskort, feriekort og julekort..)
8. Meir søvn.
9. Mindre festing (eller eigentleg berre mindre drikking :P )
10. Blogge meir :P

Godt nyttår! I morgon byrjar skulen, og eg er klar for å starte opp hjernen etter juleferie heime :)

fredag 9. november 2012

Begrenser

Kor skal eg begynne.. Lovnader om å skrive oftare? Nei, urealistisk :P

Kneet
Var til fastlegen min, som med èn gang konkluderte med at eg måtte til MR. Veldig glad for det, skulle bare ønske de andre legene hadde vært like oppegående, for då hadde eg fått time en mnd raskare.. Men 26.november skal eg vertfall til Sykehuset på Levanger og finne ut ka i all verden som har skjedd inni der.
Eg har tatt det rolig og holdt meg unna all form for sport. Har trent mye styrke og jogga en del. Jogging er jo ikkje bra for kneet :P, så når snøen kom tok eg til fornuft og begynte å sykle på treningssenteret istedenfor. Veldig fornøyd med framgang og bra innsats, helt til eg var ute en lørdag for to uker siden.. :P Då var det en som skulle ha tak i meg, og snudde meg fort rundt. For fort til at eg hang med, og kneet vrei seg :S Så blei liggende på golvet i lik positur som eg har gjort så mange ganger før når kneet tuller seg :P Kom meg hjem på et vis, men datt utallige ganger på den glatte isen, så kneet såg IKKJE bra ut søndag morgen :P Skikkelig hovent og vondt. No har eg hatt treningsfri i nesten to uker, og var første gang og sykla i dag. Funker greit igjen no :) Så er det bare å vente på MR!

Skule
Mye å gjøre no, vanskelige fag og tungt stoff.. Men eg har som mål å komme gjennom, og det skal eg klare! "Flytter inn" på skulen under de tyngste periodene og når det nærmer seg eksamen, og det funka før sommeren og bør funke no ;)

Ymse nytt
Ellen, som eg bor med og er med 24/7, har bestemt seg for å slutte på skulen.. :( Så over helgen flytter ho ut herfra og hjem der ho er fra. Det blir veldig veldig trist, for det var liksom bare oss to igjen no etter at Maria slutta etter første året. Utrolig kjipt, men ingenting eg kan gjøre noe med..

Har starta å jobbe som vakt på Bodegan, studentpuben vår i Steinkjer ;) Det er spennende, og veldig greit å bidra litt :) Vi får ikkje betalt, men får en bong med verdi på èn øl/cider for kvar vakt, i tillegg til at vi som arbeidarar har billigere priser i baren gjennom hele året :)


Begrenser er mitt nye kallenavn, istedenfor bergenser.. :P Men no brukes den oftare, fordet eg faktisk MÅ begrense meg (mtp kneet :P )

Skal nesten-love å komme med et desember-innlegg, gleder meg til DESEMBER! Bortsett fra eksamener då! :S Hjelp... :P