Julebordsesongen kommer snikende, og eg har i ukesvis bladd gjennom Cosmopolitan, Mag og Woman og siklet på fine kjoler som selvfølgelig hadde vært perfekt! Så skal eg til Åsane, og det er på tide å prøve å spore opp disse vidunderne, om de finnes i virkeligheten.
Den raude kjolen
På H&M går ei målretta apejente og ser etter ei burgunder kjole. Den visar seg å ikkje eksistere(i alle fall ikkje på denne butikken), men det er noko anna som tek all merksemda; ei klar raud kjole! Denne må rett og slett prøvast på med det same, kanskje det er sjølvaste julebordkjolen som er funnen på første forsøk! Str 42, str 34, STR 38! Yes!
Vel inne i prøverommet dras den tronge kjolen på, og sit som et skot! Kjolen kunne verken vore større eller mindre, og han kunne ikkje vore mer julerød om han så ville! Her er det berre å slå til.
Ute av prøverommet kjem ho på andre tanker over. Hadde det ikkje vore betre med ein svart kjole? Og kva med kjolen frå Gina Tricot som var vist i eit anna blad? Kanskje ein lengre kjole er meir passande.. Det er mange fleire butikker å sjå i, korfor gå for det første ein snublar over?
Timar går forbi, andre kjolar studerast nøye, men The Red Beauty ligger i bakhodet og forstyrrer. Jenta returnerar til H&M og har bestemt seg for å slå til, ho vil sikkert ikkje finne noko betre. Str 34, str 42.... Kor er kjolen???? Den hang jo her!! Ingen kan ha kjøpt den, for dei to var jo meint for kvarandre!? Jenta nektar å gi opp, og småspring mot prøveromma. Alle tomme prøverom sjekkast, men ingen har etterlatt den raude kjolen der.. Det er trist. Korleis kunne ho ha tvilt på om det var rette kjolen, det er klart det var det! Og no er den vekk!
Saumfarer hyller, kanskje noen har prøvd den og hengt den opp feil.. Sjekker gjennom stativet for prøvde klær, og DER! Kjolen!! Den røde kjooolen! Det var meininga at vi skulle ende opp saman likevel! O lykke, jenta kjøper ein matchande hårbøyle.
På H&M henger ein raud kjole og ventar på å bli plukka ned frå stativet. Ei jente kjem og ser på ho. Det er kjærleik ved første blikk! Kjolen veit at dei er meint for kvarandre, og er lukkeleg over at jenta fann ho. Jenta tek ho over armen og vandrar litt rundt. Kjolen er oppspelt, kan nesten ikkje vente på å få vise kor perfekt dei er
samen. Jenta går inn i eit prøverom og kjolen sklir rett på og sit akkurat som ho skal. Då dei går ut i frå prøverommet og mot kassa, nynnar allereie kjolen på julesongar og kan ikkje vente til julebordet. Men så endrar jenta retning, og kjolen blir hengt på stativet. For ein nedtur!
Etter eit par timar ser kjolen at jenta kjem att. Javel, så han er god nok no? Så ho trur at kjolen er så upopulær at ingen har vore å kjøpt han? Det er jo forsåvidt ingen som har kjøpt han, men det treng ikkje jenta få vite. No er det berre å spele hard to get. Kjolen snik seg av stativet og kryp bort i andre enda av butikken. Her kan han henge, og viss jenta VERKELEG er interessert, så vil ho leite over alt.
Nei, no gjekk ho forbi! Snu! Idiot.. Der kjem ho att! Ja, ho leitar! "Eg er her, eg er her". Jaaa! Jenta fann kjolen, som saman med ein matchande hårbøyle skal gjere ho til nattas dronning på julebordet!

Med andre ord, viss vi tar vekk fritidsproblemer og syke tanker, eg har funnet kjole til julebordet :)