Ja så var det gått litt lang tid utan blogging ja.. Men eg vurderar å skjerpe meg, så prøvar meg med eit innlegg!
Starta å skrive eit innlegg i påskeferien, men publiserte det aldri. Eg hadde som eg skreiv i førre innlegg litt nedturar, og etter påsken satte dei fart og fekk meg heilt ned på botnen. Heile påskeferien var eg sjuk, og gjekk glipp av det eg hadde gleda meg til.. Eg skulle feire bestemor sin bursdag for første gong på lenge(eg har alltid vore vekke, anten i NZ eller Steinkjer), og eg skulle besøke vennar og sjå Aina sin lille baby som var fødd i mars. Eg var elendig utan å vite korfor, så vart berre til at eg satt heime og svetta og skalv med smerter i siden. Etter nokre dagar reiste eg på legevakten og fekk vite at eg hadde nyrebekkenbetennelse, noko som visstnok ikkje er uvanleg etter ein operasjon.
Etter påsken var alt nedoverbakke, og det toppa seg når eg kom heim og ikkje hadde jobb. Ville bruke sommarferien på ein lang fjelltur(type ein månad), men fysioterapeuten sa eg ikkje kunne bere tung sekk. Trengte noko anna å tenke på enn at eg ikkje var på topp, og det var svært vanskeleg. Derfor reiste eg tidlegare opp til Steinkjer enn eg trong, og her har eg vore i litt over ei veke no.
På ein måte ser eg ikkje for meg nokon opptur i næraste framtid, men samstundes veit eg at det sannsynlegvis berre kan gå opp herfra. Så eg har bestemt meg for å prøve å vere postiv og sjå på dette som ein ny start!
Pudi
Søteste beste pusen min Pudi.. Då eg kom heim i juni viste det seg at ho var sjuk. Det var forferdeleg å sjå korleis ho hadde det, det var tydeleg at noko ikkje stemte. Ho var forvirra, redd for usaklege ting og veldig kjælen. Eg tok ho til dyrlegen som fann bilyd på hjartet og noko gale med nyrene. Det verste var at pupillane var ujamn storleik, noko som viste at noko i sentralnervesystemet ikkje var som det skulle. Pudi var 15 år, og det var mitt val, i samråd med veterinæren, å la ho sleppe. Så ho vart dessverre avliva.
Only know you love her when you let her go
Motivasjonsklær
Eg fekk ei kjole til bursdagen som var ein storleik for liten, men eg har som plan å passe inn i den snart! Kjøpte òg ein ny bukse som eg bruker som motivasjon.
Kneet har det bra, og eg trenar mykje. Går framleis til fysioterapeut som eg føler er ein opptur i seg sjølv, for då har eg noko å trene etter. Dessutan har eg allerie gått ned i vekt :)
Skule
Neste veke startar fadderveka kor eg har ansvar for ei gruppe førsteklassingar, og så startar skulen for fullt året etter. Håpar det skal setje fart på oppturen, og at meir å tenkje på vil få meg i betre humør.
Dette året skal eg skrive bacheloroppgåve, hovudsakleg etter jul. Eg vil skrive om velferd hos slaktekylling - eit tema eg brenn for. Snart eit år sidan eg slutta å ete kylling no, på tide å få opplyst folk om korleis kyllingen har det.
That's it for now folks ;) Dei av dykk som har blogg, ta dette som eit spark bak til å kome tilbake på banen sjølv! :)
Gammalt bilete, men poenget er at smykket passar bra i dette innlegget. New beginnings.
1 kommentar:
Krysser fingrene for deg og for at oppturene kommer på rekke og rad nå!
Veldig spent på bachelor-oppgaven din, høres så interessant ut :)
Lykke til med fadderuken! Fest med måte ;)
Legg inn en kommentar