onsdag 6. november 2013

Gje meg ein banankasse..

Banankassar i hytt og pine, koffertar og bager er fulle av klede og rot. Flyttinga er igong.

Ettersom rommet mitt, ikkje for å skryte, var veldig ryddig og oversiktleg før eg starta pakkinga forventa eg ikkje å ha så mykje ting. Der tok eg feil! Rot og ukategoriserbare duppedingsar gøymar seg i skuffer og skap overalt!

Eg lo av alle banankassane gutane hadde henta på daglegvarebutikkar, og sa eg sikkert berre trong èi...  Heldigvis høyrde dei ikkje på meg, så no har eg pakka 4-5 stk og dei er køyrd til nye huset. To dagar har eg og Ingeborg køyrd att og fram med flyttelass, og alt eg har på hybelen er nokre få klede og tv. For all del, rommet her er jo møblert, så eg har meir enn det ståande, men ikkje meir eg skal flytte med meg.

Så var eg i huset og pakka ut på rommet, medan gutane kobla tv og anlegg og ymse guteting. På mitt nye soverom var det ingenting, bortsett frå eit gamaldags "walk-in-closet" som er genialt! No må du ikkje sjå for deg eit "walk-in-closet", for eg overdriv og diktar. Men eg likar å kalle innhukinga i veggen med stang og kleshengarar for nettopp det. Så er det ei gardin foran. Her kan eg velje om eg vil ha eit korgsystem for klede, eller om det skal vere Theodore si hule. Han får nemleg ikkje store plassen dersom eg ikkje lar han sove inni der, for rommet er ikkje stort. Det vart ikkje større av at eg skal bruke Frode sin sovesofa som seng. I tillegg til denne sofaen har eg fått ein gammal kommode som vi ikkje ville ha i stova, og ho er stappa full av klede og bøker.

Lite rom får så vere, for resten er stort! Vi starta å setje på plass kjøkkenutstyr, og det er så mykje skuffer og skap at vi stod med reine luksusproblemet! Det gjer dermed ingenting at alle stillar med masse glas og kjøkkenutstyr - vi har meir enn nok plass.

No har vi flytta inn og budd her i nokre dagar. Kosar meg! Koseleg å alltid ha folk rundt seg, og stas å kome heim til fyr i ovnen. Skal bli lett å få julestemning her, men det er ikkje før i desember!


2 kommentarer:

Beth sa...

Spennende! Gleder meg til å se bilder når dere har kommet i orden *hint, hint* :D

cillje sa...

Kjenner meg igjen med antall banankasser ja :P Det tar liksom aldri slutt, du finner ting overalt..Gruer meg allerede til neste flytting. Høres ut som et veldig koselig kollektiv :) Stemmer også for bilder!!