tirsdag 17. desember 2013

Gløgg!

Litt i seinaste laget, men om nokon vil lage gløgg har eg laga mi eiga oppskrift, basert på 3-4 ulike eg fann. Grunnen var ganske enkel at eg ikkje fann ein einaste oppskrift som kor innhaldet var likt, og eg ville gjerne ha alle desse ingrediensane i gløggen min. Det siste, med klementin, var litt sponant fordi mange av oppskriftane innehalt anten appelsinjuice eller skalet av appelsin.. Jaja, prøv om du vil - eller lag di eiga! 

Ingrediensar

5 dl ferdigblanda solbærsaft
1 ss honning
¼ malt anis
½ malt koriander
¼ malt ingefær
10 nellikspirer
1 hel kanel
1 ss sukker
1 flaske raudvin
Skalet av ein klementin
Safta av ein klementin

Framgangsmåte
Eg kokte opp saften medan eg hadde i honning, og alt av krydder.Brukte potetskreller på klementinen og heiv skalet oppi, før eg klemte saft ut av klementinen. Lot det småkoke litt, og skrudde ned varmen før eg helte i raudvinen.



Som tilbehør meiner eg at mandlar og rosinar høyrer til, og eg hakka mandlar med ein kniv før eg blanda det saman i ei skål.


 ENJOY!

onsdag 6. november 2013

Gje meg ein banankasse..

Banankassar i hytt og pine, koffertar og bager er fulle av klede og rot. Flyttinga er igong.

Ettersom rommet mitt, ikkje for å skryte, var veldig ryddig og oversiktleg før eg starta pakkinga forventa eg ikkje å ha så mykje ting. Der tok eg feil! Rot og ukategoriserbare duppedingsar gøymar seg i skuffer og skap overalt!

Eg lo av alle banankassane gutane hadde henta på daglegvarebutikkar, og sa eg sikkert berre trong èi...  Heldigvis høyrde dei ikkje på meg, så no har eg pakka 4-5 stk og dei er køyrd til nye huset. To dagar har eg og Ingeborg køyrd att og fram med flyttelass, og alt eg har på hybelen er nokre få klede og tv. For all del, rommet her er jo møblert, så eg har meir enn det ståande, men ikkje meir eg skal flytte med meg.

Så var eg i huset og pakka ut på rommet, medan gutane kobla tv og anlegg og ymse guteting. På mitt nye soverom var det ingenting, bortsett frå eit gamaldags "walk-in-closet" som er genialt! No må du ikkje sjå for deg eit "walk-in-closet", for eg overdriv og diktar. Men eg likar å kalle innhukinga i veggen med stang og kleshengarar for nettopp det. Så er det ei gardin foran. Her kan eg velje om eg vil ha eit korgsystem for klede, eller om det skal vere Theodore si hule. Han får nemleg ikkje store plassen dersom eg ikkje lar han sove inni der, for rommet er ikkje stort. Det vart ikkje større av at eg skal bruke Frode sin sovesofa som seng. I tillegg til denne sofaen har eg fått ein gammal kommode som vi ikkje ville ha i stova, og ho er stappa full av klede og bøker.

Lite rom får så vere, for resten er stort! Vi starta å setje på plass kjøkkenutstyr, og det er så mykje skuffer og skap at vi stod med reine luksusproblemet! Det gjer dermed ingenting at alle stillar med masse glas og kjøkkenutstyr - vi har meir enn nok plass.

No har vi flytta inn og budd her i nokre dagar. Kosar meg! Koseleg å alltid ha folk rundt seg, og stas å kome heim til fyr i ovnen. Skal bli lett å få julestemning her, men det er ikkje før i desember!


lørdag 26. oktober 2013

Mat i farta

Går mykje i restemat for tida. Relativ tom lommebok og ønskjet om å ete sunt møtast på ein merkeleg måte. Eg prøvar ut alle moglege kombinasjonar av mat, men dessee her er ikkje så unaturleg som mange av dei andre rettane eg har prøvd.

Laksewrap
1. Varm laksen i ovnen, ca 20 minutt på 200 grader.
2. Sleng saman det du har av salat. Eg brukte isberg, purre, agurk og mais.
3. Varm opp tortillalefse. Eg hadde garlic-versjonen til coop, men den viste seg å brekke veldig lett..
4. Putt salat og laks i tortillalefsa og et.











Pytt i panne
Eg kjøpte fiskepudding på Rema fordi den var billig, og den ga meg middag i mange dagar. Det er mykje som smakar godt ilag med fiskepudding, potetar, potetpos og brødskive var noko av det eg prøvde før eg raska saman det meste av restar og laga denne panneretten.
1. Brukte potetar som var kokt dagen før, skar dei opp i bitar.
2. Skar opp det eg hadde av "steikbare" grønsakar. Brokkoli, paprika, avokado, lauk.
3. Skar opp fiskepudding i bitar på storleik med grønsakane.
4. Hiv alt i ei panne og steik til det er etbart.
(5. Smak til med ketchup og piffikrydder...................)

søndag 6. oktober 2013

Happyface?

Spontanitet er ikkje så verst

Små ord kan føre til store ting. Følgjande samtale fann stad på biblioteket under eksamenslesing:
Ingeborg: Eg har lyst på hund.
Lene: Eg har lyst å hente opp MIN hund. Derfor såg eg på leiligheter før sommeren, men det funker ikkje å ha Theodore i en leilighet.
Ingeborg: Måtte nesten hatt et hus då...
*www.finn.no*
http://www.finn.no/finn/realestate/lettings/object?finnkode=44384406
*Ringer Frode*
Frode: Vi e lætt me! Ska æ ring no?
*Visning*

FÅTT OSS HUS!!!!!

Her skal eg bu i landlege omgjevnader, med stue og oppvaskmaskin! Saman med Frode, Ingeborg og Ørjan. Gler meg sjukt! Faktisk er det så stort at eg i nesten to dagar klarte å vere skikkelig lukkeleg, og det er svært lenge sidan. Så eg trur dette kan vere starten på noko bra!
Vi flyttar nok inn i byrjinga av november, og det skal bli så kos! Etter jul er planen at Theodore skal bli trøndar, og det er så uvirkeleg at eg nesten ikkje trur det endå. I tillegg skal vi ha katt(ein eller to), men dei skal ikkje vere mine når eg flyttar til Tunes att.
                                                          Godguten skal bu med meg.

Travelt

Ellers går det i eksamenslesing for augeblinket, har eksamen i Husdyrbygg i morgon.

Mange har haustferie, men vi er så heldige at vi har forelesningar som normalt. Det vil seie at eg går glipp av ei forelesning for å ta eksamen... Svært mykje å gjere for tida, innleveringar, praktiske oppgåvar, framføringar osv. Held på å teikne eit sauefjøs på dataprogrammet Archicad, dette er eksamensoppgåve som skal forsvarast munnleg i november. Før den tid har vi eksamen i Ledelse og entreprenørskap, og så startar vi opp med nytt fag neste veke(Statistikk) som gjer at vi ikkje tek juleferie før 16.desember. Det er ikkje så veldig seint, eg er klar over det, men det er heile ti dagar etter munnleg eksamen i Storfeproduksjon. Men det er jo kos med desember uansett kor ein er, og i nyhuset skal det bakast, drikkast gløgg og pyntast juletre.

søndag 15. september 2013

Sånn går no dagan

Skulenerd
Skulen er ordentleg i gang, og godt er det! Samstundes kjenner eg at eg nesten vert litt stressa når eg ser i kalendaren kor fort eksamen kjem. Må bruke tida godt, men det positive er at det er mindre å tenkje på rett før jul! Tidlege eksamen = koselegare desember!
Eg startar med å ta opp att ein eksamen som eg strauk på førre semester. Min første og einaste stryk, bank i bordet, som eg veit eg klarar denne gongen når eg har tid til å lese.
Eg har blitt tillitsvald i klassen, noko eg er veldig nøgd med! Blir spanande å vere med på møter og kunne ha ein finger med i spelet på det som foregår på skulen. Dessutan likar eg å vere litt engasjert i klassemiljøet og ein plan om å gjere klassen endå meir sosial.

For mykje teori - for lite dyr!
Etter å ha vore på driftsbesøk på ein gård og deretter på eit anna fjøsbesøk gjekk det opp for meg kor mykje eg saknar praksisen frå Stend og jobben på smådyravdelinga. Eg vil svært gjerne tilbake i eit fjøs i framtida, og det er uaktuelt for meg med ein kontorjobb for å seie det sånn. Eg vil jobbe med dyr kvar dag! Finn ein gard til meg! Samstundes veit eg at eg gjer det rette ved å studere i desse tre åra, for eg har tru på at all denne teorien forelesarane prøvar å spikre inn i hovudet mitt vil gi meg den tyngda eg treng for å kunne gjere ein bra jobb med dyr!

Shopping
Etter å fortvila ha leita gjennom skapet mitt dag etter dag utan å finne noko eg eigentleg vil ha på meg, var eg crazy og gjekk på shopping i går for å bruke opp litt stipend. Veldig nøgd med det eg kom heim med! No har eg til og med ei jakke som kan brukast vår og haust, det er nokre år sidan eg hadde!
Dette kjøpte eg(i tillegg til ein genser som h&m ikkje har bilete av):




lørdag 31. august 2013

Fadderveke

Då var eg straks igong med tredje og siste året mitt på HiNT, og eg er sjølvsagt fadder!

Dag 1
Stod opp 7 for å gå til fysio før skulen starta. Allereie sliten då eg møtte opp kl 10. Veldig mykje av tida gjekk ut på å sitje i ro og vente på at programmet for førsteklassingane var over så vi kunne vise at vi fantes... Så var det omvisning, eg var saman med to jenter i klassen (Jenni og Randi) og skulle vise åtte elevar rundt. Seks av dei møtte opp, og ingen av dei kunne snakke trur eg. Slitsamt å måtte dra svar ut, men er vel sånn å vere førsteklassing og ikkje kjenne nokon.
Om ettermiddagen var det satt opp buss ut i Paradisbukta kor vi grilla i regnet og folk drakk seg udugeleg. Eg var edru ettersom eg skulle stå vakt på Huze etterpå.
Kl 21 starta bli-kjent-festen på Huze og vi var 15 vaktar som passa på at det gjekk greitt for seg. Gjekk ganske greitt, sjølv om eg kjente at dagen vart veldig lang og folk litt for fulle når eg vart trøttare. Brannalarmen gjekk rundt midnatt og vi måtte evakuere, men det var falsk alarm så det ordna seg fort.
I seng i firetida!

Dag 2
Sliten fadder
Sov utpå og var sliten, er alltid det etter å ha stått vakt. Så starta vi å drikke, og reiste til Guldbergaunet studentboligar for å vorse. Der satt vi ein gjeng på golvet ein stund, før vi gjekk til Bodegan. Var innom Mætt og Go og såg på at to stk åt kebab medan eg diskuterte politikk... Fekk melding av Karianne i klassen som gjorde meg merksemd på at det var onsdag, og at vi skulle ha forelesning dagen etterpå.... Eg trudde det var tysdag. Var på Bodegan ein stund før vi reiste heim med taxi.

Dag 3
Opp tidleg og møtte Karianne på skulen for frukost. Så hadde vi første forelesning i Storfe og driftsøkonomi. Ettersom det var dagen derpå måtte eg hive i meg litago og burn, og var noko redusert. Men det er herleg å starte opp att! Gler meg faktisk til dette semesteret, faget verkar kjempekjekt!
Gjekk heim og starta å drikke, før vi møtte opp på Bodegan i 17 tida for rebusløp! Eg, Ingeborg og to andre husdyrfaddarar tok med oss ei gruppe på 12 førsteklassingar og gjekk rundt på postar. Mykje artig her, kan nemne kleslenkje(som eg ikkje lot meg rive med på heldigvis), tautrekking, teikning, drinklaging, potetløp i blinde osv. Var kjekt, mi gruppe kom på andre plass. Torgeir kom på besøk, så han var med oss på Bodegan etterpå. Der fekk eg ein drink og eit glas Martini Asti. Eg har kan hende ikkje sagt det før, men eg kan ikkje drikke cider(kan drikke 1-2 viss eg drikk veldig sakte) fordi eg får usaklege smertar i ryggen av det....... Ikkje spør. Men denne kvelden gjorde astien det same, så eg og Torgeir gjekk heim tidleg.

Dag 4
Reiste til Høgskoleparken i 1130 tida for grilling arrangert av dei tilsette. Veldig kjekt! Så reiste vi på butikken og handla grillmat før vi returnerte til Figga for drikking og grilling i sola som endeleg er komen! Om kvelden var det vors i Figga sitt fellesareale. Det var ikkje særleg artig, men eg prøvde meg på beer pong og drikkeleikar med nokre russarar. Så gjekk vi på Bodegan. Her vart eg faktisk nekta inngong etter ei stund - uviss årsak. Så reiste heim med gjengen og hadde nach hos Ørjan.

Dag 5
Vakna opp med kul i panna og trudde det var sundag. Det var det ikkje! Så vi satt ute i sola litt før vi starta på flaska og gjekk ned til sentrum for å vere med på bar til bar runde. Det kostar pengar - huff. Har ikkje sjekka konto endå, trur eg ventar litt.... Endte opp på Bodegan, men stakk tidleg heim.

Bar til bar - her på Madam Brix
Dag 6
Edrudag! Eg, Ingeborg og to førsteklassingar gjekk på Oftenåsen. På veg ned att plukka vi masse blåbær. Skulle på spelkveld, men orka ikkje, så eg laga salat(!) til middag og tilbragte resten av dagen framfor tv-en.

Dag 7
Endå ein edrudag! Kroppen takkar og bukkar, og prøver å kome til seg sjølve att. Hadde endå ein førelesning i Storfeproduksjon, etterfulgt av to fritimar som vart brukt til å sulle rundt på amfisenteret ettersom vi ikkje hadde fått med oss at undervisninga var utsett. Deretter to timar med bachelorundervisning. Kjenner eg vert gira på å finne ein god problemstilling og starte! Etter skulen grilla eg ute på verandaen med Ingeborg, Frode, Ørjan og Petter. Skikkeleg koseleg! Så tok eg jammen ein joggetur etter gammalt og det gjorde godt for kropp og sjel. Om kvelden baka eg og Ingeborg pizza til dag 8 som er Gaid, og laga geleshots.

Dag 8
Partybussen
Ein tur på skulen for å ha Husdyrbygg2, kor vi skal teikne eit fjøs vi allereie har designa, i eit arkitektprogram. Blir spanande! Har litt problem med sjølve programmet, men trur det skal gå greitt med litt trening. Vi avslutta kl 13 fordi dette var dagen for Gaid!
Gaid er ein samling av alle studentane i Nord Trøndelag, som har høgskuler i Namsos, Steinkjer, Levanger og Stjørdal. Her møtast alle for å drikke og kose seg, og det er stands rundt omkring med konkurransar og moro.
To glade jenter på bussen til Gaid
Eg og Ingeborg satt oss ut i høgskuleparken og spretta ein pils medan vi åt pizza vi laga dagen før. Lone joina etterkvart og vi satt og koste oss i sola til vi var ustø og bussen kom kl 15. Tre kvarter og litt vodka etter var vi framme. Eg og Ingeborg satt litt utanfor parken(i eit blomsterbed) med nokre andre kjekke jenter og prata medan vi drakk oss endå litt meir brukeleg.
Happyface med ny t-skjorte
Inne på Gaid var eg med på trillebårløp med Lone - noko som endte med mykje latter, fall og grønske på buksen. Feila totalt på rockering og vann ein twist, tippa kor mange kondomar som var i eit glas, skaut sinte fuglar på ein gris, prøvde pilkast og vann ei t-skjorte. Skikkeleg artig. Så er det litt uklart, og eg vart ganske trøytt. Reiste derfor litt tidlegare heim. Heime åt vi litt pizza før eg fann senga. Litt etter fekk eg Lene på besøk, ho skal bu her i halvanna veke fordi ho tek eit samlingsbasert fag på skulen. Blir kjekt.
Gaid!






Det var fadderveka! Glad den er over, no skal kroppen få trening, normal mat og veldig mykje mindre alkohol framover.
Åtte dagar med fyll oppsummert i eitt bilete....

onsdag 14. august 2013

Eg er tilbake!

Sidan sist
Ja så var det gått litt lang tid utan blogging ja.. Men eg vurderar å skjerpe meg, så prøvar meg med eit innlegg!

Starta å skrive eit innlegg i påskeferien, men publiserte det aldri. Eg hadde som eg skreiv i førre innlegg litt nedturar, og etter påsken satte dei fart og fekk meg heilt ned på botnen. Heile påskeferien var eg sjuk, og gjekk glipp av det eg hadde gleda meg til.. Eg skulle feire bestemor sin bursdag for første gong på lenge(eg har alltid vore vekke, anten i NZ eller Steinkjer), og eg skulle besøke vennar og sjå Aina sin lille baby som var fødd i mars. Eg var elendig utan å vite korfor, så vart berre til at eg satt heime og svetta og skalv med smerter i siden. Etter nokre dagar reiste eg på legevakten og fekk vite at eg hadde nyrebekkenbetennelse, noko som visstnok ikkje er uvanleg etter ein operasjon.

Etter påsken var alt nedoverbakke, og det toppa seg når eg kom heim og ikkje hadde jobb. Ville bruke sommarferien på ein lang fjelltur(type ein månad), men fysioterapeuten sa eg ikkje kunne bere tung sekk. Trengte noko anna å tenke på enn at eg ikkje var på topp, og det var svært vanskeleg. Derfor reiste eg tidlegare opp til Steinkjer enn eg trong, og her har eg vore i litt over ei veke no.

På ein måte ser eg ikkje for meg nokon opptur i næraste framtid, men samstundes veit eg at det sannsynlegvis berre kan gå opp herfra. Så eg har bestemt meg for å prøve å vere postiv og sjå på dette som ein ny start!

Pudi
Søteste beste pusen min Pudi.. Då eg kom heim i juni viste det seg at ho var sjuk. Det var forferdeleg å sjå korleis ho hadde det, det var tydeleg at noko ikkje stemte. Ho var forvirra, redd for usaklege ting og veldig kjælen. Eg tok ho til dyrlegen som fann bilyd på hjartet og noko gale med nyrene. Det verste var at pupillane var ujamn storleik, noko som viste at noko i sentralnervesystemet ikkje var som det skulle. Pudi var 15 år, og det var mitt val, i samråd med veterinæren, å la ho sleppe. Så ho vart dessverre avliva.
Only know you love her when you let her go

Motivasjonsklær
Eg fekk ei kjole til bursdagen som var ein storleik for liten, men eg har som plan å passe inn i den snart! Kjøpte òg ein ny bukse som eg bruker som motivasjon.
Kneet har det bra, og eg trenar mykje. Går framleis til fysioterapeut som eg føler er ein opptur i seg sjølv, for då har eg noko å trene etter. Dessutan har eg allerie gått ned i vekt :)

Skule
Neste veke startar fadderveka kor eg har ansvar for ei gruppe førsteklassingar, og så startar skulen for fullt året etter. Håpar det skal setje fart på oppturen, og at meir å tenkje på vil få meg i betre humør.
Dette året skal eg skrive bacheloroppgåve, hovudsakleg etter jul. Eg vil skrive om velferd hos slaktekylling - eit tema eg brenn for. Snart eit år sidan eg slutta å ete kylling no, på tide å få opplyst folk om korleis kyllingen har det.

That's it for now folks ;) Dei av dykk som har blogg, ta dette som eit spark bak til å kome tilbake på banen sjølv! :)

Gammalt bilete, men poenget er at smykket passar bra i dette innlegget. New beginnings.