Då var eg straks igong med tredje og siste året mitt på HiNT, og eg er sjølvsagt fadder!
Dag 1
Stod opp 7 for å gå til fysio før skulen starta. Allereie sliten då eg møtte opp kl 10. Veldig mykje av tida gjekk ut på å sitje i ro og vente på at programmet for førsteklassingane var over så vi kunne vise at vi fantes... Så var det omvisning, eg var saman med to jenter i klassen (Jenni og Randi) og skulle vise åtte elevar rundt. Seks av dei møtte opp, og ingen av dei kunne snakke trur eg. Slitsamt å måtte dra svar ut, men er vel sånn å vere førsteklassing og ikkje kjenne nokon.
Om ettermiddagen var det satt opp buss ut i Paradisbukta kor vi grilla i regnet og folk drakk seg udugeleg. Eg var edru ettersom eg skulle stå vakt på Huze etterpå.
Kl 21 starta bli-kjent-festen på Huze og vi var 15 vaktar som passa på at det gjekk greitt for seg. Gjekk ganske greitt, sjølv om eg kjente at dagen vart veldig lang og folk litt for fulle når eg vart trøttare. Brannalarmen gjekk rundt midnatt og vi måtte evakuere, men det var falsk alarm så det ordna seg fort.
I seng i firetida!
Dag 2
 |
Sliten fadder |
Sov utpå og var sliten, er alltid det etter å ha stått vakt. Så starta vi å drikke, og reiste til Guldbergaunet studentboligar for å vorse. Der satt vi ein gjeng på golvet ein stund, før vi gjekk til Bodegan. Var innom Mætt og Go og såg på at to stk åt kebab medan eg diskuterte politikk... Fekk melding av Karianne i klassen som gjorde meg merksemd på at det var onsdag, og at vi skulle ha forelesning dagen etterpå.... Eg trudde det var tysdag. Var på Bodegan ein stund før vi reiste heim med taxi.
Dag 3
Opp tidleg og møtte Karianne på skulen for frukost. Så hadde vi første forelesning i Storfe og driftsøkonomi. Ettersom det var dagen derpå måtte eg hive i meg litago og burn, og var noko redusert. Men det er herleg å starte opp att! Gler meg faktisk til dette semesteret, faget verkar kjempekjekt!
Gjekk heim og starta å drikke, før vi møtte opp på Bodegan i 17 tida for rebusløp! Eg, Ingeborg og to andre husdyrfaddarar tok med oss ei gruppe på 12 førsteklassingar og gjekk rundt på postar. Mykje artig her, kan nemne kleslenkje(som eg ikkje lot meg rive med på heldigvis), tautrekking, teikning, drinklaging, potetløp i blinde osv. Var kjekt, mi gruppe kom på andre plass. Torgeir kom på besøk, så han var med oss på Bodegan etterpå. Der fekk eg ein drink og eit glas Martini Asti. Eg har kan hende ikkje sagt det før, men eg kan ikkje drikke cider(kan drikke 1-2 viss eg drikk veldig sakte) fordi eg får usaklege smertar i ryggen av det....... Ikkje spør. Men denne kvelden gjorde astien det same, så eg og Torgeir gjekk heim tidleg.
Dag 4
Reiste til Høgskoleparken i 1130 tida for grilling arrangert av dei tilsette. Veldig kjekt! Så reiste vi på butikken og handla grillmat før vi returnerte til Figga for drikking og grilling i sola som endeleg er komen! Om kvelden var det vors i Figga sitt fellesareale. Det var ikkje særleg artig, men eg prøvde meg på beer pong og drikkeleikar med nokre russarar. Så gjekk vi på Bodegan. Her vart eg faktisk nekta inngong etter ei stund - uviss årsak. Så reiste heim med gjengen og hadde nach hos Ørjan.
Dag 5
Vakna opp med kul i panna og trudde det var sundag. Det var det ikkje! Så vi satt ute i sola litt før vi starta på flaska og gjekk ned til sentrum for å vere med på bar til bar runde. Det kostar pengar - huff. Har ikkje sjekka konto endå, trur eg ventar litt.... Endte opp på Bodegan, men stakk tidleg heim.
 |
Bar til bar - her på Madam Brix |
Dag 6
Edrudag! Eg, Ingeborg og to førsteklassingar gjekk på Oftenåsen. På veg ned att plukka vi masse blåbær. Skulle på spelkveld, men orka ikkje, så eg laga salat(!) til middag og tilbragte resten av dagen framfor tv-en.
Dag 7
Endå ein edrudag! Kroppen takkar og bukkar, og prøver å kome til seg sjølve att. Hadde endå ein førelesning i Storfeproduksjon, etterfulgt av to fritimar som vart brukt til å sulle rundt på amfisenteret ettersom vi ikkje hadde fått med oss at undervisninga var utsett. Deretter to timar med bachelorundervisning. Kjenner eg vert gira på å finne ein god problemstilling og starte! Etter skulen grilla eg ute på verandaen med Ingeborg, Frode, Ørjan og Petter. Skikkeleg koseleg! Så tok eg jammen ein joggetur etter gammalt og det gjorde godt for kropp og sjel. Om kvelden baka eg og Ingeborg pizza til dag 8 som er Gaid, og laga geleshots.
Dag 8
 |
Partybussen |
Ein tur på skulen for å ha Husdyrbygg2, kor vi skal teikne eit fjøs vi allereie har designa, i eit arkitektprogram. Blir spanande! Har litt problem med sjølve programmet, men trur det skal gå greitt med litt trening. Vi avslutta kl 13 fordi dette var dagen for Gaid!
Gaid er ein samling av alle studentane i Nord Trøndelag, som har høgskuler i Namsos, Steinkjer, Levanger og Stjørdal. Her møtast alle for å drikke og kose seg, og det er stands rundt omkring med konkurransar og moro.
 |
To glade jenter på bussen til Gaid |
Eg og Ingeborg satt oss ut i høgskuleparken og spretta ein pils medan vi åt pizza vi laga dagen før. Lone joina etterkvart og vi satt og koste oss i sola til vi var ustø og bussen kom kl 15. Tre kvarter og litt vodka etter var vi framme. Eg og Ingeborg satt litt utanfor parken(i eit blomsterbed) med nokre andre kjekke jenter og prata medan vi drakk oss endå litt meir brukeleg.
 |
Happyface med ny t-skjorte |
Inne på Gaid var eg med på trillebårløp med Lone - noko som endte med mykje latter, fall og grønske på buksen. Feila totalt på rockering og vann ein twist, tippa kor mange kondomar som var i eit glas, skaut sinte fuglar på ein gris, prøvde pilkast og vann ei t-skjorte. Skikkeleg artig. Så er det litt uklart, og eg vart ganske trøytt. Reiste derfor litt tidlegare heim. Heime åt vi litt pizza før eg fann senga. Litt etter fekk eg Lene på besøk, ho skal bu her i halvanna veke fordi ho tek eit samlingsbasert fag på skulen. Blir kjekt.
 |
Gaid! |
Det var fadderveka! Glad den er over, no skal kroppen få trening, normal mat og veldig mykje mindre alkohol framover.
 |
Åtte dagar med fyll oppsummert i eitt bilete.... |